Sterk innsats av D2 på helgas rankingturnering!

Andrelaget til OsloVolley for damer tok ein meget sterk 2. plass i forrige helgs rankingturnering i Bjørnholthallen. Laget hadde skadar på sentrale spelarar før turneringa og det måtte børstast støv av polske Anna Wojno nok ein gang. Laget cruisa seg gjennom puljespelet med ein grei seier mot OSI2 og også seier i ein litt meir jamnspelt kamp mot eit talentfullt Førde-lag. I kvart og semi vart henholdsvis Rossvol og Kristiansand slått begge med 2-1 i sett. Laget viste også gode taktar mot den suverene serieledaren i 1. divisjon NTNUI men her vart det 0-2 med 22-25 i begge sett.

D2 ligg no på ein sterk 3. plass på totalrankinga for 1. divisjon. Om laget held denne plasseringa vil Oslo Volley ha to lag inne blandt dei 10 beste damelaga i norsk volleyball. D2 er eit viktig rekrutteringslag for våre nest beste og forhåpentligvis kommande (og tidlegare) elitespelarar. Laget vert trent av Ole Martin Kleivenes og for eindel av dei nest beste vert det inntil 12 timar balltrening i veka + eigen styrke. Det lover godt for framtida for våre unge talent.

Neste oppgjer for D2 er borte mot Koll 2 16. februar.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script