Oslo Volley er landets nest største klubb målt i antal utøvarar.
Det viser årets idrettsregistrering, som blei avslutta onsdag. Oslo Volley står oppført med 437 utøvarar, fordelt på 271 kvinner/jenter og 166 menn/gutar. Berre Førde Volleyballklubb er større, med sine 455 utøvarar.
Den største gruppa utøvarar finn vi i aldersgruppa 13-19 år, der vi har heile 248 utøvarar. Ein god del av våre spelarar trenar både innandørs om vinteren og sandvolleyball om sommaren , og vert difor talt to gongar. Det gir 252 innandørsspelarar og 185 sandvolleyspelarar.
- Førde Volleyballklubb 455
- Oslo Volley 437
- Kristiansand Sandvolleyballklubb 384
- Rossvoll VBK 371
- Randaberg IL 305