Damelaget opp på bronseplass!

Elite damer slo lørdag Tromsø Volley 3-0 i Tromsø, settsiffera vart 25-17, 25-15 og 25-17.

 Synne Nygaard har verkelig funne formen og vart lagets beste poengplukkar med 12 poeng i denne kampen. Bra for laget å ha fått på plass endå eit godt angrepspunkt før den viktige sesongavslutninga som kan ende med edelt metall for laget. Med dette resultatet gjekk laget altså forbi BSI og opp på bronseplass. Damene har heva seg kraftig i dei siste kampane og står med tre av tre og 9-0  settsiffer før fredagens kveldskamp i Kringsjåhallen mot Koll, kampstart klokka 20.00. Ragnhild og co. møter også Tromsø Volley på heimebane i Bjørnholthallen søndag 21. februar klokka 11.00.

For eit skadeskutt herrelag vart det for tøft mot den suverene serieleiaren på herresida Nyborg i Bergen lørdag, 0-3 med settsiffera 25-18, 25-18 og 25-21. Også søndagens kamp i Førde endte med 0-3 tap med settsiffer 25-16, 25-8 og 25-16. Alexander Jacobsen var Oslo Volley sin beste poengplukkar med 16 poeng mot Nyborg og 7 poeng mot Førde.  Neste kamp for herrelaget er 7. mars heime mot BK Tromsø.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script