Tøff start på året for elitelaga våre.

Oslo Volley sine tre lag i forbundsserien har alle vore i aksjon i helga. Elite herre tok imot Førde VBK i Oppsal Arena lørdag. Etter eit sterkt første sett og seier 26-24 vant bortelaget dei tre neste 25-15. Spelande trenar Marko var i denne kampen kun trenar etter at han hadde eit mindre inngrep i foten og fekk fjerna metallet som vart satt inn etter beinbruddet mot Førde forrige sesong.

Elite damer fekk ein tøff og lang tur til Vestlandet. 0-3 mot BSI i Bergen laurdag og 1-3 mot trenarlause, men likevel gulljagande, UiS Stavanger søndag. Rapportane går ut på at jentene våre spelte ein mykje betre kamp søndag enn lørdag.

I 1. divisjon befesta Oslo Volley 2 seg i toppen med ein sterk 3-1 seier borte mot OSI søndag. Verdt å merke seg her var at den evig-unge veteranen Anna Wojno gjorde nok eit come-back for Oslo Volley. Uansett ein sterk seier og fin revansj for 2-3 tapet heime mot Osi i haust. Jentene på 1. divisjonslaget kan igjen kalle seg «best i byen» i 1. divisjon.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script