Trekninga i Jubileums/Julelotteri på lørdag 19. desember.

Oslo Volley sitt kombinerte 10 års-jubileumslotteri/julelotteri 2009 vert trekt på lørdag. Vi har masse flotte gevinstar til dei heldige som vert trekt ut som vinnarar. Frå Ving har vi gåvekort på 2.500 kr., Stena Line og Color Line har også gitt oss reisegåvekort, Stabburet ,som er er ein av klubben sine nye samarbeidspartnerar i haust, stiller med 4 flotte kasser med godt innhald i, vår trufaste samrabeidspartnar Volley-Nor gjer vekk klubb-bag + eindel ballar, frå Hard Rock Cafe, også det ein ny og god samarbeidspartnar, har vi også fått nokre overraskelsar. Eller kva med å vinne ei trening med elitetrenar/spelar til bedriftslaget ditt eller til sønnen/dattera di sitt lag? Vi skal også lodde ut ein middag med kaptein på elite damer Ragnhild Aas 🙂

Vinnarlista vert offentliggjort her på vår nettside seinast søndag. Vinnarar vert og kontakta på mail eller telefon.

NB! Loddselgarar, vi treng alle loddbøkene inn for at dei skal vere med i trekninga. Send dei til: Oslo Volley v/John Walstad, Johnny Svorkmosvei 170, 0983 Oslo (seinast torsdag). Spørsmål: post@oslovolley.org

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script