Ein rysare i Oppsal Arena søndag.

Oslo Volley tok søndag imot cupfinalist Randaberg i Oppsal Arena. Etter 5-sett, mange av dei svært jamne var det rogalendingane som stakk avgårde med 2 av dei 3 poenga. Dette etter at Oslo Volley hadde hatt match-ball i 4. sett og leia 7-5 i 5. sett.  Trass i tap var det mykje positivt å spore hos det nykomponerte heimelaget også i denne kampen, i tillegg til dei etablerte spelarane (Ole Martin, Marko og Alexander) slår dei unge til med eindel svært gode prestasjonar. Både Daniel, Krister og Mathias viser svært god utvikling og vert betre kamp for kamp. Alexander Jacobsen var igjen Oslo sin beste poengplukkar,  heile 25 poeng hadde han idag. Krister (angrep) og Daniel (blokk) scorer også bra på poengstatistikken i denne kampen.

Neste heimekamp vert mot tabell-toar Førde VBK, lørdag 16. januar klokka 13.00 i Oppsal Arena.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script