Toppkampar i eliteserien søndag!

Det er duka for to tøffe oppgjer i eliteserien i Bjørnholthallen søndag.
Damene tek imot bykollega Koll klokka 13. Eit Koll-lag som også i år tapte seriepremieren, denne gang mot Uis (Stavanger). Søndag slo dei BSI klart 3-0 og fekk ein liten revansj for tapet i serieåpninga. Koll har frå forrige sesong mista Mari Aase Hole til spel i USA, men ellers har dei beholdt viktige spelarar som Johanna Kløvfjell, Maria Moen og Eydis Dalen.
Oslo Volley tapte også for Uis forrige helg, men slo BSI 3-2 på lørdag. Ragnhild Aas og resten av laget har gjennomført ei god treningsveke og Ole Martin melder at laget er i god form før by-derbyet søndag.

Herrane møter seriefavoritt Nyborg søndag klokka 15. Eit Nyborg-lag som slo hovudutfordrar Førde klart 3-0 i Førdehuset i serieåpninga forrige helg. Trenar Ivar Bakken er nok lysten på eit nytt seriegull og vil nødig la eit ungt Oslo Volley-lag stikke kjeppar i hjula.
Marko Milosevic fekk ein god start som spelande trenar i 3-1 seieren mot Randaberg søndag. Denne veka har laget matcha seg mot OSI og fekk testa ut eit par spelarvariantar i den kampen som kan verte nyttige i helga. Desverre mangler laget Henrik og Daniel som spelar kampar for moderklubben Hønefoss i 2. div. ranking.

Verdt å få med seg er også forkampen søndag mellom Oslo Volley og Koll i 1. divisjon damer. Denne kampen startar klokka 11.

Vel møtt til volleyballsøndag i Bjørnholthallen.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script