Rekruttane satte Koll på plass, men tap i topp-oppgjera i eliteserien denne helga

Begge Oslo Volley sine elitelag tapte søndagens kampar i Bjørnholthallen. Damene tapte 0-3 for Koll. Herrane viste litt meir oppløftande taktar og vant andre sett mot seriefavoritten Nyborg og holdt på å ta også det viktige tredje settet, 1-3 vart sluttresultatet her. Spelande trenar Marko Milosevic var meget fornøgd med store delar av kampen mot seriefavoritten, men irriterte seg like etter kampen over oppstillingsfeilen som avgjorde det tredje settet. Trenar-legenda Ivar Bakken til gjestande Nyborg måtte sjå at bergens-laget måtte gje frå seg årets første sett i dagens kamp. Ivar Bakken uttaler etter kampen: «God serve og gode mottak hjå Oslo Volley ga oss litt overraskande store problem».

På eit litt uklart mobil-bilde ser vi Aleksander Jacobsen som fekk t-skjorte frå vår eminente samarbeidspartnar Hard Rock Cafe som beste spelar i serieåpninga mot Randaberg forrige helg. Utdelar og med på bilde er Rana frå JU16 i Oslo Volley.

I «Frokostkampen» på søndag vant Oslo Volley sine rekrutter på damesida 3-0 mot Koll i 1 divisjon. Med det inntok laget tabelltopp med seier i begge sine to første kampar. Viktig seier for klubbens unge rekrutter!

Også våre tredje divisjonslag har vore i aksjon denne helga. Damelaget tok ein overraskande sterk 13. plass i kamp mot 2. og 3. divisjonslaga. Herrane havna på 17. plass etter flott innsats lørdag, men trekking av laget til søndagens to kampar.

Full terminliste for Oslo Volley finn du i linkane. Verdt å merke seg er det at mange av Oslo Volley sine juniorlag skal i aksjon kommande helg i US-galla i Tønsberg.

Neste heimekampar i eliteserien er for herrane heime mot Kristiansund 18/10 klokka 13.00. Damene tek imot Stod lørdag 17/10 klokka 16.00 og NTNUI søndag 18/10 klokka 15.00. Alle kampar i Bjørnholthallen.

Vi takker våre eminente balltrillarar frå JU16 i Oslo Volley i dagens kampar. Glimrande jobb og utan innsatsen til desse 5 jentene hadde vi ikkje klart å gjennomføre eit så godt arrangement. Takk også til Adrian frå GU16 og Unni (nok eingang) som på kort varsel stilte opp i kiosken.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script