God kamptrening i smash off i Bjørnholthallen!

Smash offOslo Volley arrangerte i helga smash off-turnering i Bjørnholthallen.
40 lag deltok, og trass i ein litt skuffande påmelding dette første året med smash off-turneringa, var det god stemning og mange spennande kampar i dei ulike klassane. Arrangør var spesielt glad for besøk av dei svenske laga Lindesberg og Ymer. Lindesberg-damene fekk det tøft mot våre elitejenter og Ymer sitt herrelag i H2 spelte mange, jevne kampar lørdag. I kryss-spelet søndag vant dei sin semifinale, men fekk deretter stryk av Frode Tvinde sitt opprykks-satsande Bø lag i søndagens finale.
Regionlaga matcha seg godt på både jente og gute-sida. Guttane sitt 1. lag tapte finalen i H1 mot Oslo Volley men viste god framgang i løpet av helga. Jentene til Region Øst tapte begge sine kampar mot Oslo Volley 2, men også dei viste stor framgang i dei to kampane.

På juniorsida møtest Oslo Volley og Koll til trening og kampar i Gu16. Bra utbytte for desse, men kvar er dei andre guttelaga?

I Ju16 vart det ein god turnering for Holstad, Asker, Kolberg og Skjetten. Dette vart også resultatlista i denne klassen.

Dei 25 J/Gu14 som møtte opp søndag frå Hønefoss og Oslo Volley fekk først trening med Marko og Christian frå elite herrer. Deretter Tok Sissel, Janne og Lisbeth frå elite damer over og arrangerte turnering for dei yngste spelarane i helga.

Elitelaget våre for damer fekk altså besøk av Lindesberg (Sv). Etter klar 3-0 seier til Oslo Volley i første kampen viste dei svenske jentene betre takter i laurdagens andre kamp mellom laga. Men også her vart Ragnhild Aas og co. eit par nummer for store for det gjestande svenske laget og vant 3-1. Eindel nye unge og talentfulle jenter viste seg fram på Oslo Volley denne helga. Søstrene Katrine og Camilla Nergård frå Flint gjorde eit positivt inntrykk og Oslo Volley er spesielt glad for at dei valgte å spele for nettopp vår klubb i kamp mot andre klubbar i hovudstaden!

Elite herrer (sjå bilde) fekk spelt mange kampar mot Norge veteran, Holstad og Region Øst. Det nykomponerte laget med Marko Milosevic som trenar vant alle sine 5 kampar. Laget forbetra samspelet sitt vesentlig i løpet av helga og vil fortsette sesongoppkøyringa i Sverige under Knallecupen kommande helg. Etter ein litt tung start på hausten har spelertilgangen vorte svært god no og laget vil stille med ein ung og talentfull stall i årets serie. Daniel og Henrik frå Hønefoss debuterte på bana og gjorde ein svært god figur. Marko framhever sjølv innsatsen til Alex., Christian og Krister i helgas kampar. Oslo Volley er glad for å kunne benytte talentfulle, unge spelarar frå Hønefoss og Holstad kommande sesong i forbindelse med overbygningsklubbavtalar mellom klubbane.

Oslo Volley sine elitelag + 1. divisjon damer reiser i helga til Borås i Sverige for å delta på Knallecupen.

Første seriekamp for laga våre er som følger:

Damer elite med dobbeltoppgher heime første helga: Lørdag 26/9 kl. 17 vs. BSI og søndag 27/9 kl. 15 vs. Stavanger.

Herrer elite åpner mot Randaberg søndag 27/9 kl. klokka 17.

Alle elitekampar i Bjørnholthallen som er vår nye heimebane!

1. divisjon damer tek turen til Husnes og møter Trio lørdag 26/9.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script