Full fart i Oslo Volley fram mot seriestart!

sesong09Alle avdelingar i klubben vår er no igang med sesongførebuingar. Junioravdelinga vår er større enn nokon gang og på JU16 på Kastellet har heile 29 jenter møtt opp på trening dei to første vekene! Vi har også veldig bra oppmøte på dei andre juniorlaga på Kastellet, men det er fortsatt mulig å få plass på nokon av laga her. Ta då kontakt med klubben! Klubben jobbar også med å skaffe trenar til to nye parti på Karlsrud skule mandag klokka 17.00-20.00. Vi ønsker å starte ei ny gruppe for Gutter 14 + eit nybegynnarparti for jenter/gutter U12. Om du kan trene dei eller veit nokon som kan bidra ta kontakt med oss!
Ellers viderefører vi allidrett i Stovner Idrettshall på onsdag klokka 16-17, + at vi har volleyballtrening der for jenter og gutter frå 17-18. Her er damer elite instruktørar!
På Linderud torsdag har vi trening for jenter og gutter 10-13 år klokka 16-18.
På Oppsal Skole trenar JU14 + U16 klokka 18-19.30 og Gutter U14 + U16 klokka 19.30-20.00. Her er det fortsatt ledige plassar.

Damer elite og 1. divisjon damer (bilde) er i full gang med trening. Bra spelartilgang og ei spennande samtrening mellom elitelaget og rekruttlaget er nytt av året. Damer elite spelar denne helga treningskampar mot Koll og BSI i Oslo, neste helg får laget besøk av Lindesberg (Sve.) også det i Oslo.

Elite herrar er igang med trening, i år leda av Marko Milosevic. Laget spelar i helga treningskampar mot Norge +40.

Alle våre tre beste seniorlag er altså godt igang med trening. Laga deltek alle på Knallecupen i Borås i Sverige 18.-20. september.

3. divisjon damer og 3. divisjon herrar trenar i Bjørnholthallen tirsdag 18-20 og i Stovner Idrettshall onsdag 17-18.30 og 18.30-20.00. Vi har fortsatt ledige plass på desse laga og ønsker spelarar med litt volleyball-bakgrunn frå tidlegare på desse laga. Kontakt klubben om du vil være med her.

NB! Elitelaga og 1. divisjonslaget vil i år spele sine heimekampar i den svært gode og volleyballvennlige Bjørnholthallen.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script